Friday, May 23, 2008

NYNORSK STIL

KVA VIL DET SEIE Å VERE NORSK?

Oppgåve. 3
Artikkel

I dagens samfunn er det ulike oppfatningar om kva det vil seie å vere norsk. Nokon meiner at for å vere norsk så må man ha eit norsk statsborgarskap og foreldre som er norsktalane. Medan for andre vil det bety at man engasjerer seg i det som har med nasjonen å gjere og at man er stolt av landet sitt. Desse ulike meiningane har skapt mykje debatt i løpet av åra, og det verkar ikkje som om folk klarar å bli einige. Så derfor vil me ha svar på spørsmålet: Kva vil det eigentleg seie å vere norsk?

Som sagt så finnes det mange ulike oppfatningar om emnet. På den eine sida har me dei som meiner at man må ha eit norsk statsborgarskap for å bevise for verda at man er norsk. Som det står så fint på udi.no, så kan man forklare ordet statsborgarskap slik: ”Statsborgerskap innebærer tilhørighet til en stat, og visse rettigheter og plikter overfor denne staten. Norsk statsborgerskap kan man få ved fødsel, ved adopsjon, etter melding eller etter søknad”. Som det står forklart her så er det ikkje umuleg for nokon å bli ein norsk statsborgar, alt man treng å gjere er å sende inn ein søknad og håpe på eit positivt svar. Og får man det så har man det lisle beviset på at man er ein norsk statsborgar.

Andre meiner at det å bli født i Noreg og ha norske foreldre avgjer om du sjølv er norsk. Viss eit barn har ein norsk familie og har norsk som morsmål så vil dei fleste regne barnet som norsk. Det vil seie at for mange så er det korleis du ser ut og uttala di som har mykje å seie, har du eit typisk norsk utsende så er det sjeldan nokon som vil vere kritisk til om du verkeleg er norsk. Men det er kanskje ikkje like lett for alle. For viss du har eit litt ulikt utsende eller ein litt ulik uttale frå dei andre vennane dine, sjølv om du er registrert som norsk statsborgar, så er det ikkje så enkelt å overbevise folk om at det verkeleg er her du høyrer til. Viss familien er frå eit anna land, så kan man ofte få høyre at dei har utanlandsk opphav og at man sjølv stammar frå noko som ikkje er norsk, noko annleis.

Men når me tenkjer på alle desse ulike oppfatningane om kva det vil seie å vere norsk så er det også mange måtar å vere ein del av det norske folket på, utan verkeleg å vere registret som norsk statsborgar. Viss man elskar det landet man bur i og gjer alt for å holde nasjonalfølelsen i live, burde man ikkje da telles som ein del av det landet? Eit eksempel på dette er noko som me har høyrt mykje snakk om på tv-en i det siste, nemleg dette med 17.mai og flagga. Det er nemleg sånn at det er splitta meiningar om det skal vere lov å gå med noko anna flagg framme på Noregs nasjonaldag, enn det norske. Og det som er verkeleg eineståande med denne saka er at det er utlendingane og dei som i utgangspunktet ikkje er født under det norske flagg som er mest engasjert i saka. Dei meiner at Noreg skal vere stolt av nasjonen sin, og at på nasjonaldagen så er det dei norske flagga som skal vises fram, ikkje alle andre. Desse ulike flagga har nemleg sine eigne heimland og sine eigne nasjonaldagar. Er ikkje dette ein god nok årsak til å regnast som norsk, at du bryr deg nok om Noreg til å seie at det er det norske flagg som skal heidrast, ikkje det i ditt eige fødeland?

Som me har sett i denne teksten så er det mange ulike meiningar om kva som eigentleg gjer nokon norsk. Alle har rett til sine eigne meiningar om saka, men det er staten og regjeringa som til slutt kan bestemme om ein person, som ikkje opphavlig er frå Noreg, får bli her eller ikkje. Eg har, som alle andre, mi eiga meining om saka og eg føler at viss du faktisk er villig til å ofre mykje for landet og verkeleg elskar Noreg, så burde du få lov til å vere norsk. Me som opphavlig er frå Noreg har eit bevis på dette frå fødselen av, nemleg det norske statsborgarskapet. Så eg ser ingen grunn til at ein utlending som kjem til Noreg, utan å ha gjort noko ulovleg eller galt, ikkje skal ha rett til eit norsk satsborgarskap viss han ønskjer det meir enn noko anna.



Kilder:

- http://www.udi.no/templates/Tema.aspx?id=2044

No comments: